Lita investering kan gi stor tryggleik

weldoneadmin Nyheter

VIKTIG INVESTERING: Formann i verkstaden, Ketil Hansen (til venstre), og dagleg leiar, Amund Fattnes, er begge godt nøgde med at Weldone nå har fått på plass ein hjartestartar. Sjølv om dei satsar på at apparatet aldri må inviast, er dei glade for at dei tilsette i bedrifta og bebuarar i området rundt har ein ekstra tryggleik om ein kritisk situasjon skulle oppstå. (Foto: Linda Merethe Lie)

Via ryfylke.net http://ryfylke.net/2015/04/24/lita-investering-kan-gi-stor-tryggleik/

Weldone har gått til innkjøp av hjartestartar, noko dei trur kan vere verdfullt for både dei og nærmiljøet.

24. april 2015 kl. 07:02 av Linda Merethe Lie
– Vi håpar jo ikkje at vi får bruk for han, men det er trygt å vite at vi har ein hjartestartar lett tilgjengeleg, framhevar dagleg leiar ved Weldone, Amund Fattnes.

I dag er det 30 tilsette ved den mekanisk idustrielle servicebedrifta i Saudasjøen. Så vidt Amund Fattnes kjenner til har ikkje Weldone hamna i arbeidssituasjonar der dei har hatt behov for hjartestartar. Han trur likevel at det er viktig at dei er føre var.

– Industriyrket er eit tungt arbeid og hos oss har mange passert 40 og 50 år, noko som kan gjere ein ekstra utsett. For oss er dette ei billeg investering, poengterer den daglege leiaren.

Dei tilsette ved Weldone jobbar alltid saman to og to, nokre gonger i verkstaden, andre gonger på stader der avstanden til sivilisasjonen er lang.

– Vi tenkte derfor det ville vere lurt å arrangere eit førstehjelpskurs for dei tilsette. Det gjorde vi med hjelp frå Røde Kors i februar. Då blei vi anbefalt å kjøpe ein hjartestartar. Vi tok ein diskusjon på dette og blei einige om å kjøpe ein, fortel Amund Fattnes, og legg til at dei Weldone-tilsette tidlegare ikkje har fått tilbod om førstehjelpskurs med jamne mellomrom.

– Nei, men vi innfører det nå. Minst annakvart år. Det er viktig at denne kunnskapen blir halde varm, presiserer han.